Garden Skjerdal er eit typisk familiebruk på Vestlandet, som er drive av Harald Skjerdal og Anne Karin Hatling. Vi har også tre døtre i ungdomsskule/vidaregåande – alder.
Familien er glad i sport og friluftsliv. Om sommaren liker vi å vere i fjellet, gjerne på fisking i Soleibakkane eller på Øystølen som er fjellstølen vår. Jentene likar å ri på dølamerra Ravndøla og å trene unghesten Chili. Hunden vår Maia er med på det meste.