Skjerdal

I Skjerdal finn du gode ferieopplevingar for deg, dine vener og din familie!


Skjerdal Stølsysteri og Kafe opnar 1. juli og er open til ca 30. august.

I Sommarhuset Bygningen kan du bestille ovenatting - Du kan sjekke ledige dagar på kalendaren på vår Airbnb profil - her gjer du og booking og betaling.
Booking sommarhuset Bygningen

Skjerdal Stølsysteri og kafè 2017


Heim til mjelking -
August 2017














Årets nyskaping på ostefronten var modna ferskost med kvit mugg

Skjerdal - aktiv ferie ved Sognefjorden!

Vi leiger ut det historiske sommarhuset "Bygningen". Bygningen passar godt for familiar som likar aktiv ferie. Det er sengeplass til 10 personar, godt utstyrt kjøkken, fjordvendt stove og stor møblert veranda med grillstove. Sesong frå frå 1.april - 30.oktober Les meir
Eit vekesopphald i Skjerdal gir mange muligheiter for dagsturar, t.d på Flåmsbana, Rallarvegen , Aurlandsdalen eller Verdsarvområdet i Nærøyfjorden. Er du interessert i fiske er Aurlandselvi og Flåmselvi tilgjengeleg, eller du kan ta ein tur i "Soleibakkane", fiskevatna i fjellområda som høyrer til garden.

Ta deg litt tid og les meir om kortreist mat, opplevingar og aktivitetar i Aurland.

Bli med til støls!



Stølen Leim ligg 400 m over den vakre Aurlandsfjorden
På stølen treffer du budeiene og geitene våre og kanskje sauer og hestar og.
I Skjerdal har vi ein ubroten tradisjon for stølsdrift og vi har laga kvit og brun geitost i generasjonar. På vegen opp kjenner du den gode lukta av kokt brim
Turen til Leim frå garden der du parkerer bilen tek ca ein halv time. Det er ikkje langt, men nokså bratt og du treng gode sko.
Velkomen til støls for å kjøpe brun og kvit geitost!
Ope: 1. juli - 30.august
Tilbod:
Vi tek gjerne imot grupper på stølsbesøk. Da får du vere med å helse på geitene, koke brimost og mjølke geiter.
Stølsbesøk: 150,- pr person.
Servering av stølsmat for grupper – Ein smak av ulike produkt frå garden; ost, spekemat eplesaft m.m.. avsluttes med mjelkekaker med brimost og stølskaffi. 
Lunsj: 450,- pr person
Likar du ”oppturar” kan stølen Leim vere utgangspunkt for fjellturar til t.d. Blåskavlen eller Leimsnosi. Budeiene på Leim tilbyr guida tur til fjellstølen vår Øystølen (1000 m.o.h) 
Fjelltur: 500,- pr person inkludert mat på turen.
Ta kontakt for bestilling på telefon 94829431