Garden

Garden Skjerdal er eit typisk familiebruk på Vestlandet, kor vi driv allsidig økologisk landbruk med husdyr og litt frukt. Geitene er hovednæringa på garden. I tillegg har vi sauer og to dølahestar . I den bratte fjellsida ned mot fjorden har vi eplehage og moreller. Geitene skal etter kvart få vere på heimestølen Leim. Der er vi i gang med å bygge nytt ystelokale kor budeiene skal koke ekte geitost og servere stølskost.
Garden er brattlendt, vi har om lag 70 mål med innmark. Det meste av slåttearealet er natureng. Vi driv allsidig økologisk landbruk med husdyr og litt frukt. Geitene er hovednæringa på garden. Vi har ca 70 mjølkegeiter pluss killingar og bukkar. I tillegg har vi sauer og to dølahestar. Sauene er på utmarksbeite frå ca 15. mai til 15. september.
Garden har store fjellområde med gode beite for sau og geit. I august bufører vi geitene til fjells, til Øystølen, der vi driv stølsdrift på ”gamlemåten” med ysting og koking av brunost. Da er det hestane som står for transporten av ved og proviant til stølen. Geitene skal etter kvart få vere på heimestølen Leim. Der er vi i gang med å bygge nytt ystelokale kor budeiene skal koke ekte geitost og servere stølskost. I den bratte fjellsida ned mot fjorden har vi eplehage og moreller og sommarhuset Bygningen.